Sponsing
Å sponsa er noko mange gjer. Etne Sparebank har sponsa mange med mange millionar. At dei pengane kjem vel med veit me. Dei som får dei skal også vita at me set pris på det dei gjer, og har stor glede av å «gi tilbake». Me har grunn til å gle oss til framtida med så mange dyktige, engasjerte og positive folk som verkeleg står på. Takk og takk.
Målsettinga med sponsorsamarbeidet er å auke kjennskapen til merkevara vår, samt å utvikle relasjonar til kundar og lokalsamfunn. Me ønsker å vera med å skape aktivitet og engasjement, samt inspirere og motivere egne medarbeidarar.
Dei me vel å støtte må vera pådrivarar for trivsel og engasjement. I tillegg til å gi støtte til små lag, organisasjonar og prosjekt, vel me og ut nokon større og profilerte aktørar som me ønsker eit utvida og meir omfattande samarbeid med.