Omtalar av nokre av dei me har sponsorsamarbeid med

Her kan du lesa om nokre av dei me har sponsorsamarbeid med. Ulike lag- og foreningar som verkeleg gjer sitt beste for å byggja samfunnet.

Etne Idrettslag

Etne Idrettslag har 650 medlemmer og er ein dyktig organisasjon som heilt sidan 1930 har tilbudt 1000-vis av born, unge, vaksne og eldre mange ulike aktivitetar. Der alle får oppleva samhald, mestring, utfordringar og blir ein del av samfunnet. Me takkar for flott innsats og er glade for å kunna bidra.

Etne Karateklubb

Etne Karateklubb er ein svært aktiv klubb der alle lærer seg gode holdningar og respekt i tillegg til sjølve sporten. Me er glade for eit slikt tilbud i lokalmiljøet, og er stolt sponsor.