Spira sitt føremål
Heilt sidan Etne Sparebank vart stifta i 1860 har banken sett av pengar til ålmennyttige føremål. Banken er opptatt av eit levande lokalsamfunn, og ønskjer å bidra til å oppretthalda dette. I 2017 oppretta banken eit eige gåvefond, for å kunne bidra ennå meir.
Kven kan søkje?
Foreningar, lag og humanitære initiativ i Etne og Vindafjord kommune.
Kva kan ein søkje støtte til?
Føremål innan lag, foreningar og humanitære initiativ som mange i banken sitt strategiske marknadsområde kan ha gleda av. Barne- og ungdomsarbeid vert prioritert.
Korleis kan ein søkje?
Søknader sendes inn som digitalt søknadsskjema.
Unntak
Støtta dekkjer ikkje drifts- og vedlikehaldsprosjekt.
Det vert ikkje delt ut gåver til kommunale/statlege institusjonar utan i heilt spesielle høve.