Med Etne Sparebank sitt kultur- og idrettsstipend ønskjer ein å stimulere lovande enkeltutøvarar i banken sitt kjerneområde, som har utmerka seg med gode ferdigheiter og prestasjonar. Med enkeltutøvar meinar ein også den enkelte i lagidrettar.
Statuttar:
Kultur- og idrettsstipendordning for ungdom
Føremål
Vera eit bidrag til ungdom som tek utdanning innan kultur/idrett eller på annan måte ynskjer å vidareutvikla seg i aktivitetar knytt til kultur/idrett.
Målgruppe
Utøvar innan kultur og idrett som er busette / oppvaksne, eller ha markert seg særleg i bankens strategiske marknadsområde.
Utøvar må vera under 25 år for å kunne søke stipendet.
Vilkår
Det er utøvaren sjølv som må søkja om stipend.
Søknad kan sendast heile året. I februar kvart år har me fokus på ungdomsstipendet og då blir alle søknadane som er komme inn i løpet av året vurdert.
Det kan stillast krav om fullfinansiering av eit tiltak før midlar vert utdelt.
Mottakar må forplikta seg til
- Å senda banken ein rapport/dokumentasjon om korleis stipendet er nytta seinast 1 år etter at stipendet er motteke.
- Å profilera banken i samsvar med nærare avtale med banken. Søkjar kjem med framlegg til korleis banken kan profilerast av søkjar gjennom søknaden.
Storleik
Vert avgjort av styret saman med leiar i generalforsamlinga kvart år.
Etne Sparebank ser det som ei viktig rolle å gi noko tilbake til lokalsamfunnet. Gjennom vår stipendordning vil me markere at me verdset talent i vårt kjerneområde og er ei inspirasjonskjelde for vidare utvikling innanfor områda kultur og idrett.