Desse har me støtta
Kvart år sidan banken vart stifta i 1860 har ein del av overskotet til banken blitt delt ut som ålmennyttige gåver.
Det skal me halde fram med.
Både i form av gåver og som sponsoravtalar har banken vore ein viktig samarbeidspartnar for lag og organisasjonar i Etne Kommune. Dette er ei rolle Etne Sparebank også vil styrka overfor lokalsamfunnet i Vindafjord.
Banken har mellom anna støtta Friluftsrådet Vest med 250.000 kroner til lysløypa på Opheim og bidratt med 100.000 kroner til Vindafjord Turlag sin nye turveg mellom Ølen og Etne. Samstundes har banken inngått ein ny sponsoravtale med Vindafjord Turlag, og arbeider med fleire liknande avtalar med lag og organisasjonar i Vindafjord.
Med Spira – Etne Sparebank sitt gåvefond – ønskjer banken å kunne bidra med støtte til prosjeker, både små og store, som utan pengestøtte kan bli vanskelege å få til.
Desse har fått støtte i 2019:
Etne Idrettslag – Tribunestolar 35.000
Kambe Vel – Postvegplassen 15.000
Vindafjord Idrettslag, fotballgruppa – Gapobanar m.m. 35.000
Ungdomsklubben i Vikedal Bedehus – Prosjektor m.m. 15.000
Kulturnatt Etne 2020 – 25.000
Skånevik Kultur- og Idrettshall SA – Oppgradering m.m. 25.000
Haugesund Turistforening/Olalia Fjellstove – Ny bru over Furevasselva 50.000
Desse fekk støtta i 2018:
Ølen Kulturhus – oppgradering av scenerigg, 100.000,-
Bjoa Idrettslag – turveg i nærområdet, 50.000,-
Imsland Bygdahus – oppgradering lyd-/lysutstyr, 50.000,-
Etne Skulekorps – fornying instrument/uniformar, 100.000,-
Etne Idrettslag – klubblokale på Skakke, 50.000,-
Sørstranda Grendalag – oppgradering av hus inne/ute, 50.000,-
UL Fram Etne til teknisk utstyr og kulisser/kostymer, 50.000,-
Etne Handballgruppe til nytt treningsutstyr, 50.000,-
Vats KFUK KFUM Speidarane til telt, kanoar og div. speridarutstyr, 50.000,-
Fokus Sandeid v/tur og fritidsgruppa til etablering av akebakke, 50.000,-
Desse fekk støtta i 2017:
Ølen Grendautval – Sentrumsnær turløype – 100.000,-
Etne Idrettslag – tribuneanlegg på kunstgrasbanen – 100.000,-
Team Lunde/Ulveseth – Sandvolleyballarrangement for born og unge – 50.000,-
Pippifestivalen i Skånevik – 50.000,-
Etne Klatrepark– panelrekker – 100.000,-
Enge Bedehus – stønad til heis –100.000,-
Etne Skyttarlag og Ølen Skyttarlag – oppgradering av skytebane på Fikse – 100.000,-
Sandeid Ungdomslag – Lyd og Scene – 100.000,-
Vikedal Ungdomslag– Prosjekt: Med hjarte på rette staden – 100.000,-