Spira sitt føremål

Heilt sidan Etne Sparebank vart stifta i 1860 har banken sett av pengar til ålmennyttige føremål. Banken er opptatt av eit levande lokalsamfunn, og ønskjer å bidra til å oppretthalda dette. No i 2017 har banken oppretta eit eige gåvefond, for å kunne bidra ennå meir.

Alle veit at eit attraktivt fritidstilbod er svært viktig for alle bygder og lokalmiljø. Er du engasjert i lag, forening eller humanitære initiativ? Treng De midlar til større eller mindre prosjekt som mange vil ha gleda av? Då er du hjarteleg velkomen til å søkja midlar i Spira!

Spira – Etne Sparebank sitt gåvefond – er etablert nettopp for å bidra til finansiering.